Utstilling
Innholdet i denne artiklen er ikke redaksjonelt

Årdal - Hva?

Gjennom det siste året har fotografane Leif Gabrielsen, Jiri Havran og Raymond Mosken besøkt Årdal ein rekkje gonger. Dei tre fotografane har i utgangspunktet tre distinkt forskjellige interessefelt eller fotografisk inneretting og metodar. Med ulike blikk har dei dokumentert landskap, arkitektur, interiør og menneske.
PRESSEMELDING:

ÅRDAL – HVA ?
FOTOGRAFIER 2009 - 2010

i perioden 13. november - 12. desember 2010
SAMFUNNSHUSET i Øvre Årdal

Prosjektet ”Årdal – hva?” - initiert av Leif Gabrielsen, Jiri Havran og Raymond Mosken og med Per Bj. Boym som kurator - har eit fotografisk utgangspunkt: Ei djup interesse for kva slags bilete det er mulig å skape som både set lys på, rører ved og kan delta i det som skjer mellom menneske, produksjon og landskap. Med Årdal som det fokuserte området, har dei også latt seg inspirere av eit litterært verk: Artikkelen «Årdal Verk. Sosialisme eller hva?» som forfattaren Agnar Mykle skreiv etter eit besøk i Årdal i 1950. Han karakteriserte det som var i ferd med å skje, med orda: «Slaget om Norge utkjempes i dag i første rekke i Årdal».

Gjennom det siste året har fotografane Leif Gabrielsen, Jiri Havran og Raymond Mosken besøkt Årdal ein rekkje gonger. Dei tre fotografane har i utgangspunktet tre distinkt forskjellige interessefelt eller fotografisk inneretting og metodar. Med ulike blikk har dei dokumentert landskap, arkitektur, interiør og menneske.

Leif Gabrielsen sine verk har ein konsentrasjon om mellommenneskelege tilhøve, dette er eit utgangspunkt også i dette prosjektet.
Jiri Havran har gjort sine viktigaste arbeid som fotograf av arkitektur. Denne interessa har han arbeidd vidare med i Årdal – hva?-prosjektet.
Raymond Mosken ville nytte prosjektet i Årdal til å vidareutvikle arbeidet sitt med fotografi frå lufta (fly, helikopter), ei verksemd der han har opparbeidd ein viktig kompetanse.

«Årdal – hva?» er tittelen på utstillinga som no vert presentert i Samfunnshuset i Øvre Årdal. Samtidig vert boka ”Årdal – hva?” lansert med Agnar Mykle sin artikkel, ein artikkel av Per Bj. Boym og meir enn 230 fotografi fordelt over 300 sider. For Sogn og Fjordane Kunstmuseum er det ei prioritert oppgåve å formidle kunstprosjekt med utgangspunkt i tilhøve i vår eigen region. I samband med dette prosjektet har museet utvikla ein mobil sal for temporære utstillingar. Salen kan nyttast fleire gonger og kan settast opp der tilhøva elles ikkje ligg til rette for framsyning av kunst.

Utstillinga vert arrangert i samarbeid med Årdal kommune, som i år har markert 150 års-jubileum. Det vert organisert formidling til skulane og andre interesserte publikumsgrupper.

Utstillingen er støttet av stiftelsen Fritt Ord.

Facebook: http://www.facebook.com/home.php?sk=group_175937015755311...193?v=info
Raymond Mosken -
Raymond Mosken
Raymond Mosken -
Raymond Mosken
Jiri Havran -
Jiri Havran

Varsle Foto.no
Som innlogget kan du kommentere artikler.
Artikkelkommentarer
Ingen har kommentert denne artikkelen enda
Eller kommenter via Facebook:
Åpne uskalert versjon i eget vindu