Utstilling
Innholdet i denne artiklen er ikke redaksjonelt

Reinsdyrmann og strikking på Halsnøy Kloster

I forbindelse med Artist-in-Residence programmet ved Halsnøy Kloster, syner vi no utstillinga Reindeer-Man & Net Works av Lucia Herrero (Spania) og Caroline Vaillant (Frankrike). Utstillinga varer til 4. mai.
PRESSEMELDING:

Påskeutstillinga ved Halsnøy Kloster syner Halsnøybuen som medskaparar av fotokunst.

I september 2012 var Lucia Herrero og Caroline Vaillant på kunstnaropphald på klosteret, og dei arbeidde begge med prosjekt der Halsnøybuen stilte opp som modellar, medhjelparar og medskaparar av verka.

No kan lokale og tilreisande få oppleve bilda til to kunstnarar som arbeider både med humor og seriøsitet, for under ei humørfylt overflate ligg det alvorlege undertonar.

LUCIA HERRERO er frå Barcelona i Spania.
Ho er utdanna innan fotografi i Madrid og Amsterdam, arkitektur (Madrid) og fysisk teater (Barcelona). Ho har vunne fleire prisar for arbeida sine, og har stilt ut i 13 land.

Reindeer-man (reinsdyrmannen) kan karakteriserast som ein ”road-trip” og framstår som ei blanding av dokumentar og fabel. Dette er typisk for Lucia sin måte å arbeide på, ho har utvikla det ho kallar ”Antropologia Fantastica”. Her er den sosiale analysen like viktig for henne som sjølve historia ho fortel.
Reinsdyrmannen er på leiting etter sin eigen identitet, og derfor gjev han seg ut på vegen. I møte med folk er han venleg, men på eit vis infiltrerer han deira normale verd, og slik utfordrar han den sunne fornuft i oss.

CAROLINE VAILLANT bur og arbeider i Bagnolet og Paris, Frankrike.
I 2002 starta ho eit prosjekt kalla ”Do you want to knit wih me?” der ho reiste inn i eks-Jugoslavia for å møte folk frå alle dei tidlegare stridande partane. Der sette ho set ned og strikka, folk vart nysgjerrige og ho inviterte dei med til å strikke på den andre enden av skjerfet ho heldt på med. I løpet av 6 månader på Balkan hadde ho ”strikka menneske saman” på tvers av kjønn og sosiale og territoriale grenser. Sidan har ho fortsett og utvikla dette til nye prosjekt.

I Net Works inviterte ho folk på Halsnøy til å strikke. Litt etter litt er strikketøyet blitt fleire lange deler som kjem ut frå eit felles punkt. Undervegs fotograferer ho, og deltakarane vert ikkje berre modellar, men og dei som faktisk framfører - eller produserer-, verket. Strikking er for mange ein svært sosial aktivitet, og kunstnaren set dette inn i ein samanheng med landskapet og geografien på øya. Slik kombinerer ho den norske og lokale strikketradisjon (kanskje for enkelte strikke-mani) med sin egen sans for å skape ein scenografi ut av nærområdet.

For informasjon om Klosteret, opningstider og anna, kontakt Sunnhordland Museum.
hkl@sunnhordland.museum.no, tlf. 53413899/ 48130020

For meir informasjon om utstillinga, kontakt Øyvind Hjelmen (kunstnarleg leiar for AiR-prosjektet) tlf 9008 0778 eller oh@oyvindhjelmen.com
Lucia Herrero - Fra serien Reindeer-Man
Fra serien Reindeer-Man
Lucia Herrero
Caroline Vaillant - Net Works #5
Net Works #5
Caroline Vaillant
Lucia Herrero - Fra serien Reindeer-Man
Fra serien Reindeer-Man
Lucia Herrero
Caroline Vaillant - Net Works #2
Net Works #2
Caroline Vaillant
 - fra opning av utstillinga
fra opning av utstillinga
 - fra opning av utstillinga
fra opning av utstillinga

Varsle Foto.no
Som innlogget kan du kommentere artikler.
Artikkelkommentarer
Ingen har kommentert denne artikkelen enda
Eller kommenter via Facebook:
Åpne uskalert versjon i eget vindu